Jostein-rundane veke 23

Tysdag 6 juni

Rute for kvelden var Høgåsen, Grunnavågen, Sagvåg, banevegen (håper eg, og ikkje barnevernet som vert skriven i rapporten) mot Nysæter, opp til Solid-banen, ned til Hustredalen, Rødkleiv, Stua, Økland, Vad, Tyse, Håvåsen og heimover over Vabakkjen. Per Harald, Geir, Roger, Nils Arne, Arild, Rolf og skribenten Jostein var med denne kvelden der temperaturen var gode.

 

Torsdag 8 juni

9 stk på det meste på runden (men dog utan Jostein Almås). Det meldast om ein flott tur. Om det er på grunn av eller på tross av at Jostein ikkje deltok gjer me ikkje meir enn å nemna, så blir det ikkje meir dramatikk enn at folk sin eigen fantasi få avgjer forholdet i saka.

 

Omskrivingar og tillegg til orginaltekst for eigen rekning.