Bergen - Voss 2017

Den 40. utgåva av tradisjonsrike Bergen - Voss vart arrangert 10. juni.

Jubileumsutgåva vart ei våt og litt "tåkete" affære for dei nær 2000 syklistane som trilla ut av Bergen sentrum tidleg laurdag morgon. Likevel, temperaturen var grei, så opplevinga var fin for dei fleste. På Voss var det som vanleg god temperatur, mykje liv og god stemning!

Rittet har dei siste par åra, i likhet med mange andre sykkelritt, opplevd dramatisk reduksjon i talet på deltakarar. Frå toppåret 2012, der det var over 5000 deltakarar, var det i år under 2000 som sykla.

Stord SK stilde med relativt få deltakarar i år. Og om ein søkjer i resultatlista med 'stord', så finn ein desse på lista:

Bergen Voss 2017 StordSK resultat

 

Vått, men flott, under Bergen - Voss laurdag. Her frå "Time Out" Norheimsund:

Bergen Voss 2017 Norheimsund

Stord SK representert i gruppe 1.  Her frå "Time Out" Norheimsund.