Bli medlem i Stord Sykleklubb!

Stord Sykleklubb vart etablert som eige idrettslag i 1983. Det har dei siste åra vore i overkant av 100 medlemer i klubben!

Klubben er til for ALLE som er glade i å sykle på øya Stord, uansett nivå, kjønn og alder.

Me har og medlemer frå andre deler av Sunnhordland.

Me arrangerer kvart år fleire lokale treningsritt. I august arrangerer me turrittet STORD RUNDT.

 

Medlemskontingenten for sesongen 2017 er sett til kr 400,-

Familiemedlemskap (foreldre/ektefeller/born) er sett til kr. 600,-

Denne kontingenten skal betalast inn på klubben sin bankkonto: 3460 10 08051

Etter at kontingenten er betalt, sender du ein e-post til klubben på denne adressa: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

I denne e-posten skriv du inn navnadressemobilnummer og fødselsdato.

 

NB! Vær merksam på at medlemskap i Stord SK vera betalt før ein kan løyse heilårslisens. Lisensen er ikkje gyldig utan betalt medlemskontingent! Meir informasjon om lisens finn du HER

 

Presisering! Stord SK refunderar opptil 4000 kroner i startkontigent for dei som deltek i aktive ritt. Føresetnaden er at ein representerar Stord SK i allle ritt.

 

 

VELKOMEN SOM MEDLEM I STORD SYKLEKLUBB!

 

 

Storavatnet Rund 290414