Spar Cup 2017 - Rittdatoar og informasjon

logo stordsk

Spar Cup er eit vel 17 km langt temporitt arrangert av Stord Sykleklubb.

Rittet vert i løpet av sesongen 2017 arrangert 9 gonger, der 6 ritt er teljande i "cupen".

Rittet har vorte arrangert sidan midten av 90-talet, med enkelte traseendringar i løpet av denne tida.

No startar me ved P-plassen i Rutle. Me syklar nordover fylkesveg 545 og vender ved Jokerbutikken på Rydland.

Det er ei flott tempoløype, med enkelte slake stigningar.

Dei siste åra har deltakinga vore særs god, med godt over 40 deltakarar på det meste.

Stord SK legg opp til ein sosial profil, og me er så heldige å ha eldsjeler som stiller opp og lagar i stand med kaffi og kaker etter rittet!

Det kostar ikkje noko å ta del. Kaffi og kaker er og GRATIS :-)

NB! I 2017 vil alle Spar Cup-ritta verta arrangert tysdagar kl. 1800.

VEL MØTT!!

 

I 2017 VERT DET ARRANGERT SPAR CUP FYLGJANDE DATOAR:

Ritt nr. 1 : tysdag    11. april            - kl. 1800

Ritt nr. 2 : tysdag    25. april            -       "

Ritt nr. 3 : tysdag     9. mai               -       "

Ritt nr. 4 : tysdag    16. mai              -       "

Ritt nr. 5 : tysdag    30. mai              -       "

Ritt nr. 6 : tysdag    20. juni              -       "

Ritt nr. 7 : tysdag    15. august         -       "

Ritt nr. 8: tysdag     29. august         -       "

Ritt nr. 9 : tysdag    5. september*   -      " *Med innlagd klubbmeisterskap for Stord SK.

 

Start og mål er ved P-plass Rutle (Stord konferansesenter): Kart HER

Det er ingen startkontingent, men det er krav til at alle løyser lisens gjennom NCF!

Du kan velje mellom løyse eingangslisens eller heilårslisens, men Stord Sykleklubb vil rå dei fleste til å kjøpe heilårslisens då dette vil løne seg etter berre 3-4 deltakingar. Føresetnaden for å kunne løyse heilårslisens er at du er medlem i ein klubb tilslutta Norges Cykleforbund.

Meir informasjon om lisens finn du HER

Vil du verta medlem i Stord Sykleklubb, så finn du meir informasjon om det HER

Rittet er å sjå på som eit treningsritt!

VIKTIG:

Trafikkreglane skal følgjast!

Ta omsyn til andre trafikantar!

Me tek atterhald om eventuelle endringar.

Påmelding kan du fortløpande gjere HER NB! Førehandspåmelding til kl. 1200 rittdagen. Startliste med starttidspunkt vert generert umiddelbart etter påmeldinga er stengt. Du finn den HER

Resultata frå rittet finn du fortløpande HER

logo stordsk