Sykkelvettreglar

10 sykkelvettreglar frå NCF for din og andre sin tryggleik ved trening på trafikkert veg

 

  1. 1. Ein sykkel er definert som køyretøy. Alle køyretøy, også syklar, skal bruka køyrebanen i treningsformål. Syklande kan også bruka vegen si høgre skulder jf. trafikkreglane §4 og §5.

 

2. Trafikkreglar skal følgjast, hald til høgre og vis omsyn til andre trafikantar. Gje tydeleg teikn om kvar dåke skal.

 

  1. Fakta om forbikøyring. A: Syklande har rett til å køyra forbi på høgre side og kan ved kø passere denne på vegens skulder jf. trafikkreglane § 5, § 12c og § 18-1. B: Forbikøyring skal utførast utan å valde fare, hindre eller unødig forstyrre den forbikøyrde jf. trafikkreglar § 12-3. SLF og NCF tilrår 1,5m avstand mellom bil og syklist ved forbikøyring.

 

  1. 3. Er det mange på trening – del dåke i fleire mindre felt på maksimalt 10-15 syklistar.

 

  1. 4. Ligg maksimalt to i breidda og vis omsyn, slepp fram trafikken på passande stader om det vert danna kø.

 

  1. 5. Sykling på gangsti og liknande skal skje i tilnærma gangfart, og syklisten har vikeplikt for dei gåande jf. trafikkreglane § 4. Er det naturlig og tilrettelagt for bruk av sykkelveg – vær konsekvent og la heile gruppa anten følge vegbanen, eller sykkelvegen.

 

  1. 6. Ved punktering og andre uhell som fører til stopp skal alle i gruppa trekka heilt ut av vegbanen.

 

  1. 7. Vis omsyn til andre ryttarar, hald jamn fart. Unngå unødige og brå endringar i feltet. Hald linja di og ikkje endre posisjon utan at du gir signal.

 

  1. 8. Når du skal ete, legger du deg heilt bak i gruppa.

 

  1. 9. Bruk alltid hjelm og godkjent lys – kvitt framlys og rødt baklys ved sykling i mørke.

 

  1. 10. Ikkje stå på retten din for ein kvar pris, då det er du som taper og vert skada ved ulykke.