|
Vidar Steinsbø sterkast i Bømlo fellestarten |
|
|
Skrive av Roger B. Svendsen
|
|
søndag 25. april 2010 16:47 |
|
Vidar Steinsbø, Bjørn William Strand og Gunnleiv Gjøsæter reiv seg laus tidleg og holdt i lag inn til mål der Vidar byksa forbi Bjørn William dei siste tunge metrane inn mot mål.
Bømlo gutta satte fart tidleg i medvinden og det ga 41 i snittfart når Sortland vart passert og ein del fekk smaka på syra allerede før "Tverrå" og det var sikkert ikkje med i planen :)
Resultater HER
PS! Jonny is back on track

Vidar likar når det blir bratte bakkar.
|
|
Mange flotte blinkskot frå Spar Cup'en onsdag 21. april! |
|
|
Skrive av Dag Foseid
|
|
fredag 23. april 2010 08:26 |
|
Her finn du: BILETE FRÅ SPAR CUP 21. APRIL 2010 . Fotograf: Kenneth Slålie
Årets fyrste temporitt - SPAR CUP - med start og mål ved Stord konferansesenter i Rutle er avvikla. Rittet er 17 km langt, og går tur/retur Jokerbutikken ved krysset til Koløyholmen.
Her finn: RESULTATLISTA FRÅ RITTET .

|
|
Videolink fra treningstur rundt Stord |
|
|
Skrive av Roger B. Svendsen
|
|
torsdag 22. april 2010 18:37 |
|
Bjørn Eilertsen har filma fra ein treningstur rundt Stord, link HER

|
|
Angåande Medlemspålogging |
|
|
Skrive av Roger B. Svendsen
|
|
torsdag 22. april 2010 12:32 |
|
Me har ein nyhende på gang når det gjelder medlemspålogging og den vil ligge på framsida før me kan ta den i bruk ei lita stund. Denne er under bearbeiding og informasjon om dette vil koma.
Alle medlemmar vil få tilsendt brukarnavn og passord på mail som skla brukast til dette. |
|
20 til start i årets første Spar cup |
|
|
Skrive av Roger B. Svendsen
|
|
onsdag 21. april 2010 19:26 |
|
Dag Foseid vann sekund striden mot Gunnleiv Gjøsæter i kveldens temporitt med Vidar Steinsbø på tredje plass som igjen var eit sekund føre Frode Valen. Jevnt i toppen med andre ord.
Stein Simonsen og Lars Stokken imponerte med sterke tider i racer klassen. Gledeleg er det og at Eirik Lothe Foseid og A. Malmo som representarar ungdommane stilte til start. Bildeserie av alle kjem i morgon.
|
|
Husk tempoen i kveld Onsdag |
|
|
Skrive av Roger B. Svendsen
|
|
onsdag 21. april 2010 08:11 |
|
Då er det klart for årets første temporitt i Spar cup`en. Start kl. 19.00

|
|
Video frå Rådalen Rundt 2010 |
|
|
Skrive av Referent
|
|
onsdag 21. april 2010 06:59 |
|
Her kan du sjå ein: VIDEO FRÅ VETERANKLASSANE UNDER RÅDALEN RUNDT .

|
|
Skrive av Dag Foseid
|
|
tysdag 20. april 2010 11:47 |
|
Fyllingsdalsrittet er eit ritt for aktive, med innlagd veterancup.
Rittet vert arrangert av Bergen CK sundag 2. mai.
Påmeldingsfrist på SportsAdmin er 28. april kl. 20. Rutinane for påmelding internt i klubben vert noko endra, men nærare informasjon om dette kjem me attende til med det fyrste.
Her finn du: INVITASJON TIL FYLLINGSDALSRITTET 2010 .

|
|
Rådalen Rundt 2010 - rapport og resultater |
|
|
Skrive av Referent
|
|
måndag 19. april 2010 05:40 |
|
Rådalen Rundt vart arrangert sundag i eit heller vinterleg vær med 2-3 grader og sludd i lufta. Rittet gjekk som vanleg i den 8 km lang rundløypa med start og mål ved Fana Stadion. Traseen er prega av fleire krappe svingar og stadvis svært smal veg. Når rittraseen i tillegg var våt enkelte stader, gav det ekstra "krydder" til utfordringane!
Frå Stord SK stilde to mann til start i eit stort veteranfeltet som talde omlag 60 ryttarar, det var Knut Gramstad i M60-64 og Dag Foseid i M45-49.
Båe to gjorde det godt og vann sine respektive klassar i veterancupen. Dag Foseid vann i tillegg også spurten i teten av veteranfeltet, og tok totalsiger uansett klasse.
Her finn du: RESULTATLISTA FÅR RÅDALEN RUNDT 2010 .
|
|
Nokre bilder fra Hårfagrerittet |
|
|
Skrive av Roger B. Svendsen
|
|
måndag 19. april 2010 05:39 |
|
Lovise har tatt nokre flotte bilder fra Hårfagrerittet.


Vinnaren Lars Ragnar Manengen på vei mot mål. Han var i ein klasse
for seg sjølv og vant med over 7 min til nr 2.
|