| Garborgriket Rundt 2010 |
|
| Skrive av Dag Foseid |
| laurdag 22. mai 2010 00:00 |
|
Garborgriket Rundt vart arrangert under flotte forhold på Bryne i dag!
"Team Engelsen"; f.v. Dag Foseid, Per S. Leirvik, Will. Engelsen, Kjell M. Helland og Jens B. Hinderaker Garborgriket rundt er eit terrengsykkelritt på nær 80 km, med start og mål i Bryne sentrum. Årets utgåve hadde rekordmange påmelde med omlag 2300. Ramma rundt rittet var den beste, med sol, lite vind og passe temperatur. Arrangementet var kort sagt heilt topp! Bryne CK er ein stor klubb med mange ressursar og ressurspersonar, og dei hadde klart å få til eit flott ritt i ein utfordrande trasè. Opplegget i start-/målområdet var og meget bra! Frå Stord SK var det fleire deltakarar. Resultat, bilete og alt anna om rittet finn du på; WWW.GARBORGRIKETRUNDT.NO .
|










