| Veteran NM 2010 - Ein liten rapport. |
|
| Skrive av Referent |
| måndag 21. juni 2010 07:11 |
|
Som dei fleste sikkert kjenner til, skal alle NM øvelsar på sykkel denne gongen arrangerast i Trøndelag denne veka. Dette er eit samarbeid mellom fleire klubbar. Veteran NM var fyrst på programmet og vart arrangert helga som var, med temporitt i Verdal laurdag og fellesstart i Levanger sundag. Stord SK stilde med 3 ambisiøse rytterar til start. Målet for desse tre var edelt metall, men denne gongen vart det litt "stang ut" reint resultatmessig.
Temporittet i Verdal laurdag vart prega av særdeles sure forhold, med regn og berre 6 - 8 grader i lufta. Her stilde Stord SK med 2 mann, Knut Gramstad i klasse M60-64 og Frode Valen i klasse M40-44. At nivået i veteranklassan er høgt, det fekk me eit godt prov på denne dagen. Begge to var godt nøgde med eigen innsats, men båe to måtte likevel ta til takke med den litt "sure" 4. plassen. Temporittet var på 29 km og Knut fekk tida 43.38 og Frode fekk tida 40.08. Beste ryttar totalt vart Hugo Strand frå Rana SK i klasse M45-49 med den fantastiske tida 38.21. Her finn du: RESULTATLISTE FRÅ TEMPORITTET I VET.NM LAURDAG 19. JUNI 2010 Fellesstarten i Levanger sundag starta og med eit forrykande dårleg vær også her. Dei eldste klassane, som starta fyrst på dagen, fekk det svært vått og kaldt. For dei som starta seinare vart det mykje betre, med opphald og tørr asfalt. Til fellesstarten stilde Stord SK med 3 mann, Knut Gramstad i klasse M60-64, Dag Foseid i klasse M45-49 og Frode Valen i klasse M40-44. Fyrst ute var Knut. Han køyrde godt, og hadde ikkje problemer når det gjekk oppover i den til dels krevjande fellesstartløypa. Utfordringa her var omvendt, nemleg at det vart køyrd knallhardt også nedover i dei til dels svært tekniske utforkøyringane og at det det då oppstod luker som måtte tettast i sterk side og motvind. Dette tappa krefter undervegs, og Knut hadde difor ikkje nok å trø til med då spurten starta. Det vart ein 5. plass på han her. Frode og Dag starta seinare på dagen og var meir heldige med været under fellesstarten. Dei fekk tørr asfalt, noko som gjorde nedkøyringane meir forutsigbare og enklare. Med eit hardt temporitt i beina fekk Frode det tøft i klasse M40-44. Det vart køyrt ujamnt og det vart støta ein del undervegs, med det resultat at mange vart avkøyrd og til slutt gav opp (DNF på resultatlista). Frode fullførde inn til ein 28. plass her. Dag hadde ikkje køyrd temporittet, og starta med "friske bein". Kanskje for friske? Han var i alle fall aktivt med i front av feltet under heile rittet, og prøvde fleire gonger å gå i brudd. Eit par gonger var det nære på at han saman med eit par-tre andre ryttarar kom seg avgarde. Men, nivået er høgt blant deltakarane, så det lukkast ikkje denne gongen å komme frå. Det vart difor spurt i feltet som no var minisert til ca. 20 mann, og her var beina diverre ikkje gode nok til å hevde seg. Dag fekk ein 16. plass, med same tid som vinnaren Hugo Strand frå Rana SK. Her finn du: RESULTATLISTE FRÅ FELLESSTARTEN UNDER VETERAN NM 2010
Dag langt framme i feltet under fellesstarten. |










