| Hårfagrerittet 2010 |
|
| Skrive av Roger B. Svendsen |
| søndag 18. april 2010 05:33 |
|
Det er bare til å gratulera sykkelklubbane Stegaberg, Vindafjord og Karmøy ck med eit fantastisk arrangement i forbindelse med Hårfagrerittet Lørdag 17. April. På tross av fryktelege værmeldinger kom det over 700 deltagarar og det er imponerande.Det vart ein strabasiøs tur fra Kårstø til Haugesund med ei krevjande løype som innehaldt sugande bakker, bratte kneiker og veldig krevjande terrengparti. Løypa gikk gjennom mange krinkelkrokar av Haugalandet og det var behov for mange vakter og ekstra skilting, men det vart ivaretatt på ein veldig god måte. Det var ikkje ein plass undertegnande hadde problem med å finna fram då det alltid var ein vakt som visste kva vei ein skulle ta i alle kryssa ein var gjennom. Det var og gledeleg å registrera at så mange fra Stord og ikkje minst Stord SK som stilte opp i dette krevjande rittet sjølv om me er i April og av den grunn varierande treningsgrunnlag på mange. Eg vil oppfordra alle som les dette og som var med på rittet fra Stord å sende ein mail til : Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa og gi ein tilbake melding til arrangørane og skryta av arrangementet og service. Dette fortener dei. Resultat finn ein HER. og HER(Turritt.com) Mvh Roger B.Svendsen |









