Rådalen Rundt 2010 - rapport og resultater Skriv ut
Skrive av Referent   
måndag 19. april 2010 05:40

Rådalen Rundt vart arrangert sundag i eit heller vinterleg vær med 2-3 grader og sludd i lufta. Rittet gjekk som vanleg i den 8 km lang rundløypa med start og mål ved Fana Stadion. Traseen er prega av fleire krappe svingar og stadvis svært smal veg. Når rittraseen i tillegg var våt enkelte stader, gav det ekstra "krydder" til utfordringane!

Frå Stord SK stilde to mann til start i eit stort veteranfeltet som talde omlag 60 ryttarar, det var Knut Gramstad i M60-64 og Dag Foseid i M45-49.

Båe to gjorde det godt og vann sine respektive klassar i veterancupen. Dag Foseid vann i tillegg også spurten i teten av veteranfeltet, og tok totalsiger uansett klasse.

 

Her finn du: RESULTATLISTA FÅR RÅDALEN RUNDT 2010 .

 

fana_logo