Spinnsprinten vart arrangert i dag. Skriv ut
Skrive av Referent   
søndag 25. april 2010 19:26

Spinnsprinten var som vanleg eit ritt med mange deltakarar. Totalt omlag 500 var med i dag!

Rittet var både turritt og veterancup-ritt, og vart difor delt inn i fleire startpuljer.

Deltakarane frå Stord SK gjorde det godt! Benny var einsleg svale i klasse K55-59, men gjorde ein flott innsats i motvinden på Jæren. Knut vart nr. 2 i sin klasse (M60-64), etter at vinnaren i hans klasse "stakk av" med teten frå turrittet som køyrde inn Knut si gruppe. Dag vann klasse M45-49, og tok i tillegg ein ganske klar spurtsiger i feltet på 56 ryttarar som var sett saman av klassane M40-44 og M45-49.

Det var ikkje uventa bra med vind på Jæren i dag, men været var godt og temperaturen fin.

Dei nye EMIT-brikkene vart nytta under veterancup-rittet, og det fungerte fint.

Som vanleg sytte Bryne CK for eit flott arrangement.

Du kan lesa meir om rittet, sjå mange bilete og finne alle resultata på; BRYNE CK SINE HEIMESIDER .

 

Dag_spinnsprinten_2010

Dag tok ein klar siger i spurten i sitt felt under Spinnsprinten i dag. (Foto: Marton Digernes)