| Fyllingsdalsrittet 2010 |
|
| Skrive av Dag Foseid |
| søndag 02. mai 2010 20:03 |
|
Stord SK stilde med 5 deltakarar på årets Fyllingsdalsritt; Viljar Ersland Mæhle (M15/16), Bjørn W. Strand (M-Jun), Frode Valen (M40-44), Lennart Nes (M50-54) og Dag Foseid (M45-49).
Etter premieutdelinga: f.v. Dag, Bjørn W. og Frode (Lennart og Viljar hadde alt reist frå staden). Rittet er for aktive i alle aldrar, og går i ei 5 km lang rundløype rundt Oasen. Årets ritt vart arrangert i flott vær, men temperaturen var låg. Berre eit par plussgrader ved starten kl. 0830. Rittet var delt opp i puljer, men trass dette vart det "trangt om plassen", og enkelte stygge velt øydela ein del. Det var rett og slett ganske "nervøst" i felta. På bt.no finn du: MEIR OM VELTA I FYLLINGSDALSRITTET . Ryttarane frå Stord SK hevda seg godt. To pallplassar vart det på klubben, då Frode vart nr. 3 og Dag nr. 2 i sine respekltive klassar. Bjørn William enda på 5. plass i sin klasse. Viljar debuterte i sykkelritt utanfor øya, og no veit han meir kva dette går i. Han kjem garantert sterkare attende neste gong. Lennart vart hindra av ein velt, og mista feltet av den grunn. Her finn du: RESULTATA FÅR FYLLINGSDALSRITTET 2010 . |










