Bjørn William Strand vinnar av 6-Vatnsrunden på Voss! Skriv ut
Skrive av Dag Foseid   
søndag 09. mai 2010 19:26

Saman med ei sterk gruppe på 9 mann, sykla Bjørn W. inn til ny løyperekord under 6-Vatnsrunden som gjekk på Voss i dag. Den nye rekord-tida er på 2.08.31, noko som er 3 min. raskare enn den tidlegare rekorden.

Dette berre understrekar at nivået i turritt vert hardare og hardare, og at Bjørn William er svært lovande som syklist. Han vann klassen sin (M17-19) suverent.

Neste mål for Bjørn W. er no Haugesund -Sauda, som går siste helga i mai. Etter det er det Bergen-Voss, fyrste helga i Juni. Dette er to ritt som nok vil passa Bjørn W. godt. Det skal verta spanande å følgje med!

 

Meir om 6-Vatnsrunden finn du i AVISA HORDALAND .

Her finn du RESULTATA FRÅ RITTET .

Arrangør: VOSS SYKLEKLUBB .