[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem

Prisestimat for tur til Bormio 16. - 21. juni 2027

Forfatter: Stord sykleklubb

05. november 2026

News article image

Bormio ligg på over 1200 moh og er eit perfekt utgangspunkt for landevegssykling, og ein finn her nokre av dei tøffaste og mest kjende fjellovergangane som vert nytta under årvisse Giro d'Italia:

  • Stelvio-passet (Passo dello Stelvio): Ein av Europas høgste og mest ikoniske stigningar med sine 48 hårnålsvingar frå nordsida eller sørsida.
  • Gavia-passet (Passo di Gavia): Kjent for sin rå, dramatiske natur og krevjande stigning.
  • Mortirolo-passet: Frykta og elska for sine bratte prosentar, ofte kombinert med Gavia i den kjende Mortirolo-Gavia-løkka (110 km).
  • Stelvio Lollipop: En klassisk runde på ca. 107 km med over 3400 høgdemeter.

Grzegorz Danowski har teke initiativ til ein felles tur til Bormio mellom 16. og 21. juni 2027. Vedlagt til denne artikkelen, finn ein som PDF eit prisestimat for turen. Meir informasjon vil koma etter kvart.