[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem

Vegarbeid på Rommetveitvegen - FV 5050

Forfatter: Stord sykleklubb

01. oktober 2026

News article image

Det er no vegarbeid på FV 5050 Haga, og vegeigar Vestland fylkeskommune kjem difor med ei klår melding til alle syklistar!

I høve Vestland fylkeskommune sitt vegprosjekt på fv. 5050 Rommetveitvegen er det for tida lysregulering mellom Øklandslio og Vestlivegen. Byggherre og entreprenør har ved fleire høve observert syklistar som syklar på raudt lys. Dette gjeld både syklistar i trening og som pendlar. Vil minne om at vanlege trafikkreglar gjeld for syklistar i vegbanen. Dei som syklar på raudt lys, eller syklar inn i arbeidsområdet, utset både seg sjølv og andre for fare.

Stord sykleklubb stiller seg bak denne meldinga, og oppmodar ALLE brukarar av vegen til å følge trafikkreglane!

(Foto: Henrik Mundal Andreassen/ Bladet Sunnhordland)